mandag 8. februar 2010

nynorsk verson av tentamen

Denne hausten har vi hatt ein todelt tentamen i både nynorsk og bokmål. Det vil seie at vi først skriv eit førsteutkast og leverar det inn, sidan på hausten fekk vi tentamen tilbake med ein vurdering av grad av måloppnåing. Deretter skulle vi rette feila våre og levere inn som eit ferdig produkt. Eg synast at denne måten å jobbe på er bra, men ein får på ein eller annan måte friska opp i det gamle når ein ser tentamen igjen, og det er lettare å sjå feila da. Det første utkastet tel ikkje så mykje, eg fikk ein ny sjanse til å rette opp igjen i feila eg ikkje hadde sett ved første augekast. I nynorsken var det veldig lett å sjå alle dei skrivefeila eg hadde gjort, og dei blei retta opp i fort. Noko som kanskje var negativt var at det var vanskeleg å endre på historia, fordi eg hadde sett ho før og eg hadde allereie funne ei fin avslutning. Eg synast at dette var ein morosam måte å skrive tentamen på, og eg håpar på fleire slike.

Ingen kommentarer: